HINS
Høyanger Industri - og Næringssamskipnad

Høyanger Industri og næringssamskipnad (HINS)

Høyanger Industri og næringssamskipnad er interesseorganisasjonen til verksemder i Høyanger kommune. Høyanger Industri og Næringssamskipnad vart skipa 19 januar 2022. Omlag 45 verksemder frå alle deler av næringslivet i Høyanger kommune er medlemer.

Styret

Vara

Medlemsbedrifter

Vedtekter

§ 1 Namn

Foreininga sitt namn er Høyanger Industri og næringssamskipnad

§ 2 Medlemar

Som medlem kan takast opp alle verksemder i Høyanger Kommune. Avdelingskontor i Høyanger kommune gjev også rett til medlemsskap.

§ 3 Føremål

a) Å samle alle næringsdrivande i Høyanger kommune til arbeid for å stø tiltak som kan fremje næringslivet sine interesser, og fremje næringsutvikling i området.
b) Å fremje eit godt samarbeid mellom medlemane, styresmakter og andre viktige samarbeidspartar
c) Foreninga tek ikkje del i arbeidstvistar
d) Foreninga er upolitisk

§ 4 Styret

Styret er sett saman av minst 5 medlemar og to varamedlemar, begge kjønn skal vera representert, og både nord og sørsida av kommunen skal vera representert. Styremedlemane er valde for 2 år, med unntak av første året der halvparten vert valde for eit år. Leiar skal veljast særskilt på årsmøtet kvart år. Begge varamedlemane er på val kvart år.

Styret vel sjølv nestleiar, og bestemmer kven som skal ta seg av rekneskapsføringa. HNU er sekretariat dei første åra. Styret fastset godtgjersle for sekretariats jobben .

§ 5 Valnemd og revisorar

Årsmøtet vel kvart år ei valnemd med minst 2 medlemar, og leiar for denne. Årsmøtet vel kvart år inntil to revisorar.

§ 6 Faggrupper

Innan samskipnaden kan det med styret si godkjenning opprettast fag og eller bransjegrupper, eller arbeidskomitear for å fremje særskilte saker.

Styret kan yte desse gruppene eller komiteane økonomisk stønad. Utover denne stønaden er samskipnaden ikkje ansvarleg for gruppene sine økonomiske disposisjonar.

§ 7 Årsmøtet

Årsmøtet er samskipnaden sitt øvste organ.

Verksemder som også har kontor andre stadar enn i Høyanger kommune har stemmerett etter tal tilsett på avdelingskontoret i kommunen.
Medlemsverksemder i kontingentklasse a) har 1 stemme.(0-5 tilsette)
Medlemsverksemder i kontingentklasse b) har 2 stemmer. (6-15 tilsette)
Medlemsverksemder i kontingentklasse c) og d) har 3 stemmer.(16 tilsette og meir)

Årsmøtet skal haldast kvart år seinast innan utgangen av april. Styret kallar inn via mail til møtet med minst 8 dagars varsel.

Med innkallinga skal fylgje: Sakliste, årsmelding, utdrag av rekneskapen og framlegg til budsjett.

Saker som medlemane vil ha fram for årsmøtet må vere styret i hende innan 15 mars.

Årsmøtet gjer vedtak i fylgjande saker:

§ 8 Ekstraordinært årsmøte

Ekstraordinært årsmøte kan haldast når styret eller minst 10 prosent av medlemane krev det.

§ 9 Prokura

Styret sin leiar og nestleiar teiknar for samskipnaden saman.

§ 10 Vedtektsendring

Framlegg til endring av vedtektene skal fram for årsmøtet, som med 3/4 fleirtal av dei avgjevne stemmene kan vedta endring. Framlegg til endring av vedtektene må vere styret i hende innan 31. desember. Kronesummen i vedtektene sin §12 er ikkje ein del av vedtektene og kan endrast på årsmøtet med vanleg simpelt fleirtal.

Alle andre saker vert avgjort med vanleg fleirtal. Ved likt stemmetal er leiar si stemme avgjerande.

§ 11 Oppløysing

Framlegg om oppløysing må leggast fram for årsmøtet og avgjerast med 3/4 fleirtal av dei frammøtte medlemane. Dessutan krevst det 3/4 fleirtal i nytt medlemsmøte som vert innkalla med minst 8 dagars varsel. Årsmøtet og medlemsmøtet vedtek med vanleg fleirtal korleis samskipnaden sine eignelutar skal nyttast.

§ 12 Kontingentsatsar Høyanger Industri og Næringssamskipnad

Verksemder som også har kontor andre stadar enn i Høyanger kommune betalar kontingent etter tal tilsett på avdelingskontoret i kommunen.

a) Verksemder med 0-5 tilsette betaler ein årskontingent på kr. 900.-
b) Verksemder med 6-15 tilsette betaler ein årskontingent på kr. 2.000.-
c) Verksemder med 16-50 tilsette betaler ein årskontingent på kr. 5.100.-
d) Verksemder med meir enn 50 tilsette betaler ein årskontingent på kr. 9800.-